Det lokalhistoriske magasinet Pridlao publiserte i nr 3; 1993 ein lengre artikkel om grendi Hovland.

Her finn du litt om slekt, om dei to bruka på garden, omgangs-skulen, jektefart og Hovland sag- og kassefabrikk.

I artikkelen fortel min onkel, Per T Hovland, om sin bestefar på Hovland, altså min oldefar, Som også heitte Per og som saman med kona Brita reiste det eg kallar Theodorhuset. 

100 år før eg vart fødd var det Peder M. Hofland og kona Lucie som var bønder på Hovland. Dei fekk ikkje eigne born, men fikk adoptere Anna Nielsdatter Trytten frå Tryti i Vik. I 1864 overtok Thor H. Ligtvor Hovland -på betingelse av at han gifta seg med Anna. Kjøpekontrakten er interessant lesing. Her finn du ei avskrift av den.

Kvifor Theodorhuset? Rett og slett gode minner. Fire av Per og Brita sine born budde i huset på Hovland heile livet. Theodor døydde i 2001, og eg hugsar han godt. Han hadde alltid kamferdrops på lur i skapet i kammerset, alltid ein katt ved føttene og tykte det var aldeles borti staur og vegger at Knut og Jorunn lærte meg, ei jente, å snekra.  

Hovland -grend med tradisjonar.pdf Hovland -grend med tradisjonar.pdf
Size : 6104.472 Kb
Type : pdf
Kjobecontract Hovland 1864.pdf Kjobecontract Hovland 1864.pdf
Size : 31.14 Kb
Type : pdf