Terrengleie for jakt på eigahand

Jakt i eit vald på 2400 dekar med 4 løyve. Samanhengande vald ca 1 x 2 km. Hovland ligg ca 1 times køyring frå Sogndal, ca 2,5 timar køyring frå Bergen og 6 timar køyring frå Oslo. 

Tal på jegerar: 1 - 3 personar. Minst 1 må dokumentere solid erfaring på jakt av hjortedyr og slakting.  
Periode: 1. sep - 23. desember.
Løyve: Inntil 3 dyr

Type jakt: Variert terreng som passar for posteringsjakt, smygjakt og drivjakt. Posteringsjakt på innmark er inkludert. 

Terreng: Frå 80 til 857 moh. Furu og granskog, opne hogstfelt og jorde, fjellbjørkeskog og snaufjell lengst oppe.

Fellingsstatistikk: Varierande felling om me går langt tilbake i tid, men siste fem åra er kvoten felt. Normalt er det hjort i området heile året. 

Ettersøkshund: Eigar har avtale med Vik Sporhundlag. Det er derfor ikkje nødvendig å ha eigen sporhund. Bruk av laus hun er ikkje tillatt.

Overnatting: Jakthytte midt i valdet -sjå bilde lenger ned. Sengeplass for 2 i senger og 1 på madrass på hems. Ovnsfyring, propananlegg med 2 bluss for koking. Ikkje innlagt vatn og straum. Hytta ligg på ca 400 moh.

Uthenting av hjort: Opp til 400 moh er det utbygd skogsvegnett, og dyr kan hentast med traktor. Jegarane må frakte dyra fram til veg. Ved store dyr kan slakting ute i terrenget vera aktuelt. Ellers foregår slakting i driftsbygningen på garden. 

Utstyr: Eigne soveposar eller sengetøy. Frilufts GPS med topografisk kart Jotunheimen. Liste med UTM koordinatar for grensepunkt og nokre viktige punkt i terrenget vil bli oversendt før jakta og må leggast inn. Det er oppsett skyteskive på eit jorde. 

Avtaleforhold: Vert regulert med eigen jaktkontrakt. 

Prisar: Per jaktdøgn inklusive leige av hytte og bruk av fyringsved og propan; kr 500
Tillegg for kjøtt -inntil 50% av kjøttet kan kjøpast og kiloprisen er kr 75
Tillegg for andre tenester (tilkalt) er per time kr 300