Hovland er ei grend med historie og tradisjonar langt tilbake i tid. I dag er det to bruk på Hovland og av desse er vårt bruk i drift og vi er to generasjonar Hovland som bur her. Bruk 2, det med det trivelege raude tunet, var opprinneleg ein husmannsplass. Då Hovland vart ein sjølveigar-gard for 450 år sidan vart bruk 2 ein del av garden. Nokre år seinare vart den gamle husmannsplassen skilt ut att og solgt, og sidan har den vore eit eige bruk. I dag vert denne garden nytta som feriestad av etterkomarane av den siste bonden på bruk 2, Elling Hovland. Meir om slekta vår finn du i artikkelen nedanfor. 

Du kan lesa meir om Hovland i artiklane som er lagt i undermenyane her. For deg som er teknisk interessert har Åsmund Hovland, min onkel, samla mykje historie og informasjon om dette temaet. Min oldefar, Per T Hovland var ein teknisk "Petter Smart" i tillegg til stortingsrepresentant og ordførar i Balestrand kommune. Både Åsmund og Knut kjenner svært godt til mange av dei tekniske løysingane som vart brukt på garden då dei vaks opp. 

Ordførar i Balestrand? Forklaringa er at Hovland sokna til Balestrand kommune fram til 1965. Samfunnet i Sogn gjekk då frå fjord til veg som hovudferdsleåre, og det var naturleg at kommunegrensene vart flytta på, slik at kommunane var samla på ei side av fjorden. Og dermed vart Hovland og nabogardane innover mot Vangsnes ein del av Vik kommune.

HISTORIE.pdf HISTORIE.pdf
Size : 234.873 Kb
Type : pdf