Tekst; Åsmund Hovland.

Frå gamalt av gjekk det meste av arbeidet på garden, både innandørs og ute, føre seg med handemakt.  Allereie tidleg i ungdomsåra kunne bestefar 
Per (1870 - 1957) på ulike måtar tileigne seg kunnskapar og metodar om tilverknad av verktøy og utstyr. (Dei gamle kalla det for ambod). 

Materialar av trevirke hadde dei i skogen. Verre var det å skaffe seg andre materialar som trengdes. Trass i dette veit me at bestefar Per og bestemor Brita køyrde til kyrkje i sjølvlaga stolkjerre i 1894Denne hadde flotte detaljar som jernskoningar. Alt jernet elles på kjerra var handsmidd. Dette gjekk føre seg i smia som no står eksteriørmessig tilbakeførd borte ved elva. Innhaldet som høyrer til i ei slik smie ligg lagra. Bilder finn du nedanfor teksten.

Kjerra blei seinare lite brukt og sto lenge lagra i ei gamal løe som braut saman. Kjerra vart demontert og er i dag lagra i driftsbygningen. Det finst ikkje gamle bilete av kjerra. Smia var eit viktig hjelpemiddel og slike gardssmier fanst på dei fleste gardane i den tida. Når folk møttest, vart ofte praktiske ting og røynsler studert og drøfta. På den måten lærde dei av kvarandre. Det var slik den gongen som i dag -det gjeld å følge med i tida, elles hamnar ein i bakleksa. 

At dei gamle var "svoltne" på kunnskap er godt dokumentert i dei ulike tekniske innretningane som etter kvart kom til på Hovland. Smia var å sjå på som ein verkstad og ein viktig stad på garden. Etter at nytt våningshus blei oppført og teke i bruk i 1907, vart Gamlestova meir den vanlege verkstadplassen. Her vart mange arbeidstimar, ofte til seine kvelden, nedlagt i ulike oppdrag. Det blei tillaga bandsagrennestol for oppsetting av vev, og mykje anna som trengdes i den daglege drifta av garden.

Her var, og er fortsatt, mykje gamalt verktøy og hjelpemiddel. Kan nemne komplett skomakarkasse, handdreven søyleboremaskin med automatisk mating,  høvlar, skrustikker, treskojern, og mykje meir. Etter som det var mange fine dreia detaljar på den nemnde kjerra, er det truleg at den gamle trø-dreiebenken sto på garden før bestefar overtok. Arbeidslyset slike kveldar var lampelys, men til ekstra godt lys vart nytta ei petromax-lykt. Dette er ei trykk-parafinlampe som har ein trykktank med trykkpumpe og ein forvarmingsinnretning og ei glødestrømpe. Ofte var det vanskeleg å tenne denne lampa. Glødestrømpa var det kritiske punktet og ved feil prosedyre, brann denne ofte sund. Petromaks-lykta finst fortsatt på garden i dag.

Noko arbeid måtte utførast i dagslys. Eit døme på slikt arbeid var å sette opp renning til vevstolar, som det fanst fleire av på Hovland. Det var både oppstadvev og flatvev. Breidda på flatveven kunne vere 1,20 meter og det kunne vere plass til to veversker samstundes på krakken. Å lage rennebommen og vevstolane var nok mannfolkarbeid, men når renninga og oppsettet i veven skulle handterast var det tryggast at mannfolka heldt seg vekke. Dette var komplisert kvinnfolkarbeid på høgt teknisk nivå. Her skulle det reknast, teljast, tenkjast og utførast. Gjorde ein feil her slik at renninga ikkje stemde med kontramarsjen og vevskeia og trøene, så ville ikkje vevarbeidet bli som planlagdHer var òg mange faguttrykk å halde greie på. Det var rennebom, vevskeier, skaft, hestar, trinser, vevspenne, spolemaskin og skytlar. På den lange pinnen til spolemaskina blei det rulla på litt papir og så blei islettet spola utanpå, for så til slutt å bli trekt av og ført over på ein tilsvarande pinne i skyttelen.

Det var mest symmetriske mønster som blei teikna og som det vart vevd etter. Dette blei  til løparar, åkle og anna. Kan ikkje hugse at det blei laga bildevev. Det var avtale med mellom anna Skeie på Vangsnes om levering av ferdige produkt. Truleg selde han mykje av dette i turistmarknaden i Balestrand og Fjærland. Som delbetaling fekk ein ofte material i byte. Dette kunne til dømes vera sterk lintråd til ny renning. Elles blei mykje av vevgarnet (islettet) spunne og farga på garden. Det låg mykje røynsle og fagkunnskap i alt dette arbeidet.

I tidlege vårmånader skulle gjødsla ut av gjødselkjellarane. Dette vart gjort med handemakt og blei så køyrd ut på jorda med hest og slede. Gjødsla (tadlen) frå sauefjøsen var hardtrakka og det var tungt arbeid å få denne ut. Den måtte finhakkast før den blei køyrd ut på bøen. Det fanst ingen tekniske innretnigar til dette arbeidet.

Sameleis blei det i slåttonna. Det var langorven, stuttorven, rivene og slipesteinen som var amboda, og elles berre handemakt. Hesjing til turrhøy, kanskje i tungt og dårleg vestlandsver, men turrhøy blei det likevel alltid. Mellom slåtten og håslåtten var det tid for lauving. Bestemor passa alltid på at karane laga til lauvkjervar av ask. Det var viktig, sa ho, fordi ho måtte ha det i tilfelle det skulle kome sjukdom på dyra. Heilt på slutten av 1950-åra kom den første motorslåmaskina til garden. Det var ein to-hjular av merke MotoStandard. Livet i slåttonna blei annleis etter denne nyvinninga. Det blei mindre handemakt og snuing av slipestein, men hesjing, raking og innkøyring var det same.

Det var ikkje køyrande med bil til Hovland før seint på 50-talet. Bestefar Per fekk dessverre ikkje oppleve korkje elektrisk straum eller bilveg opp til heimen. Bilveg og straum kom til Hovland i 1957, kort tid etter at Per døydde. Elektrisk straum vart installert i heimen den 10 januar 1958, og det vart tinga 2 KW. Telefon og telefonlinje fekk dei tidleg, veit ikkje årstalet, men hugsar at sentralen var i Djuvik og at det kunne vere fleire abbonentar på same linja. Det gamle telefonapparatet er fortsatt på garden.

Attende til slipesteinen. Bestefar skaffa seg ein liten forbrenningsmotor til drivkjelde for mellom anna slipesteinen og tresjemaskina. Dette viste seg å vere ein svært lunefull kar. Grunnen til det var det unike tenningssystemet som var på denne motoren. Det var ein totaktar utan tennplugg. Tenninga gjekk føre seg ved at høgspent blei ført fram til ei isolert platinanål gjennom toppen. På stempelet var det ei tilsvarane uisolert stift. Når så stempelet kom til topps og det var rett avstand mellom desse stiftane, blei det gneist mellom dei. Var ein heldig, starta motoren. Motoren blei lite brukt, men står på garden i dag. Den manglar no den høgspente delen og brytermekanismen til tenninga.

Tresjemaskina blei driven av vasskraft. Motoren blei lite brukt grunna problema med den. Eit stykke nede ved elva var der eit rennesystem som leia vatn vidare ned til eit vertikalt vasshjul. Vatnet trefte skovlane nede på "kallen" og i øvre ende på denne var eit drivhjul på ca. 1 meter i diameter med spor for ein ¼" wire. Denne wiren rakk så heilt til løa via løpehjul og blei såleis styrd inn på mottakarhjulet på tresjemaskina.

Tresjinga gjekk sjølvsagt føre seg om hausten og ein var avhengig av godt med vatn i elva. Tresjemaskina står på garden, men restane etter vassrenna og "kallen" er for lengst borte. Hugsar godt at dette vassrennesystemet var ein godt likt leikeplass for oss gutane som ofte var på Hovland. Det var spennande når vasshjulet fekk fart på seg. Hugsar også godt at sjølve tresjemaskina var eit interessant objekt for meg. Medan dei vaksne tok middagskvil, studerte eg tannhjulsutvekslinga på maskina så grundig at eg fekk peikefingen mellom to motgåande hjul, og fingen blei merka for livet.

Den største tekniske innretninga på garden var saga. Motoren var ein glødehovemotor (semidiesel) av merket Grei. 
Motoren hadde ein effekt på 17 Hk, gjorde max turtal på 680 omdr./min. Den var bygd i 1932 av Gulowsen Mekaniske Værksted A/S i Oslo på lisens frå USA. Gulowsen laga mange både stasjonær- og båtmotorar frå 1905 til like før krigen. Motoren var ein totaktar med tre spylekanalar og einhands regulator. Drivstoffet var solarolje. Siste gongen saga var i bruk var på slutten av 1970-åra. Då rauk eit rammelager i motoren og etterpå har den ikkje blitt starta att. På saga var der eit stort hovedblad som skar stokken som var lagt på og festa på  brettet. Dette blei sveiva fram mot bladet vet hjelp av tannhjul og tannstang på undersida. Vidare på same akselen var der ei mindre sag til tverrkutting av boks hvis det var kassematerial som skulle produserast og via ny reimoverføring til den minste saga som skar kassefjølene, åkane og spilene. Når saga ikkje var i bruk, var dette også for oss gutane ein spennande plass å vera. Vi kunne sitje på sagbrettet og bli sveiva fram og attende eller leike i sagsponhaugen. 

Det var kassematerial til 20kg fruktkassar som var hovedproduktet. I den siste tida saga var i drift, var det hovedsakeleg diverse material og strø til mellom anna Vik Verk som blei produsert.  Etter at kassematerialane var tørka, var det spikring ofte til kveldsmaten. Bestefar laga seg ein jigg til dette føremålet og denne var i bruk av han heilt til han blei 87 år gamal og dødssjuk sommaren 1957. Slike 20kg`s kassar er ikkje så ofte ein ser i dag, men det finst enno ein god del på garden, som nyttast til potet og frukt.

Det har vore gardssag på Hovland også før motortida. Då var det vasshjul og seinare vassturbin. Korleis desse sagene var konstruerte veit eg lite om og torer heller ikkje å gå nærare inn på det, men det skal finnast gamle rekneskapspapir som viser innkjøp av sirkelsagblad allereie i vasshjultida, og det er difor truleg ikkje oppgangsag det er snakk om.

Etter at bilvegen var ferdig, blei det kjøpt  ein tohjuls traktor med kardangvogn. Dette var ein Rapid traktor. Det blei lettare å vere hestar, som det var to av, på garden etter dette, men fortsatt var det handemakta som blei mest brukt. Den er for få år sidan ovtatt av ny eigar, som restaureringsobjekt. 

Då Sognekraft bygde høgspentlinje over fjellet mot indre Sogn med avstikkar til Vangsnes, blei det gjort avtale med grunneigarane om at skogen, som måtte fjernast i trasèen, skulle samlast på avtalt plass. Like over Seldalen var ein slik velteplass med tømmer. Denne skulle bonden sjølv frakta til saga. Ein vinterkveld seier onkel Per at i morgon tidleg skal vi stå tidleg opp og byrje på denne jobben. Før det var lyst var vi i gang. To vaksne karar, ein hest og ein gutonge (meg) på veg oppover. Snøen låg i tjukkare lag etterkvart og til slutt gjekk karane framom og trakka spor. Det tok tid før vi kom fram. Det blei bestemt at det berre skulle vere ein stokk i første lasset grunna snømengda. Nedkomen til saga med ein stokk i lasset var det byrja å mørkne på sein ettermiddag.

Likeeins var det med stølsdrifta. Det var tantene som veksla om budeiejobben. Etter arbeidstid på garden var det å dra oppover til Mytingen for å ta kveldsstellet. Det kunne bli seint før ein var ferdig hvis kyrne var seine med å kome. Likevel var det å stå tidleg opp for å ta morgonstellet. Så ned til garden med bør på ryggen og til meir arbeid ute eller inne på garden.

Ferie? Det blei aldri snakka så mykje om det. Timebetaling i slike høve var det ikkje råd å rekne, men det fortel om korleis arbeidsdagen kunne vera i kampen for tilvære. 

I tillegg til at bestefar Per hadde tillitsverv innanfor politikken, var han også reiar på sjølvbygde båtar som kunne vere sognejekt og motorbåt. Denne epoken var lenge før mi tid, og det eg skriv om dette er ting som er blitt fortalt og difor kan innehalde feil. Det som er sikkert er at jektebygginga gjekk føre seg i Kråkesteinfjøra som ligg ved fjorden omtrent rett ned frå garden. Til båt- og jektebygginga var innhyra byggelag frå Hardanger. Det er truleg difor sognejektene og hardangerjektene liknar kvarandre. Basen på laget var uheldig og braut foten sin under dette oppdraget og måtte takast hand om oppe på garden. I staden for arbeidsteikningar blei nytta en såkalla halvklovning.

Dette var ein skalamodell av båten. Den var i snitt etter ei langsgåande senterlinje slik at det var berre ei ytterside på denne. Dei sette av merke på denne til mellom anna spant og bordingar og så ganga dei opp måla med valgt skalering og overførte desse til båtbygget. Denne skalamodellen er på garden i dag.

Den største jekta Britania kunne laste 100 famnar med ved. Bildet viser denne godt lasta inn vågen i Bergen med Håkonshallen og Rosenkrantztårnet i bakgrunnen. Andre båtar som blei bygde var kolskuter. Her var det ikkje arbeidslag frå Hardanger med. Desse skutene blei bygde på bestilling frå mellom anna Fylkesbaatane. Det var slik i den tida at kol var brennstoff både til oppvarming og til dampmaskinar. Når dei store lasteskipa kom inn til byane med slik last, kunne ikkje alt lossast på same staden. Det var her kolskutene blei nytta. Dei blei overført med last  frå skipet og så slepa ut til strategiske plassar som deponi. Dette var då bunkersstasjonar for fartøy med dampmaskin.

Motorbåten blei bygd i støa i Djuvik og fekk namnet Fritjov. Det blei då to "Fritjovar" i Sogn. Fritjov den frøkne og båten til bestefar Per. Det blir fortalt at denne båten blei hyra til personaltransport for mellom anna Keiser Wilhelm som hadde lange opphald her i distriktet i den tida og som sette opp den kjende statuen på Vangsnes.

I 1974 blei garden overtatt av Knut Johan og Jorunn Hovland, som dreiv den fram til 2015. Då overtok dotteri Kjersti og hennar sambuar Geir Hovland gard. I den nye tida har det kome til nye og moderne reiskap og maskinar. Drifta er noko annleis i dag, enn den var i tidlegare tider, men dei bratte bakkane og ujamne teigane gjer at det framleis blir nytta mykje handmakt i drifta av garden. 

Hausten 2019, Åsmund Hovland, som fråskriv seg ansvar for moglege feil i innlegget.