Treng du tørrhøy? Kvar sommar slår vi graset på Hovland, tørkar og pakkar dette. Produksjonen er på ca 12 tonn og mesteparten av dette er til salgs. Ta kontakt med oss for meir informasjon og pris. Kontaktinformasjon finn du her.
Kvar haust har vi lammekjøtt til salgs. Saueflokken er liten, og det betyr få lam til salgs. Dermed gjeld først til mølla-prinsippet. Du må ta kontakt med oss om du ynskjer å kjøpe lammekjøtt, så tek vi kontakt med deg for nærare avtale om ynskjer med omsyn til partering og levering.
Lam som beiter heile sommaren på gras og i utmark er friske og sunne dyr. Det er grunnlaget for godt og smakfullt lammekjøtt.
Bildet over er frå Trines matblogg -og hennar oppskrift på lammesteik med rotgrønnsaker finn du her.